Fram frå gløymsla

 

Du har sikkert gått forbi han når du har gått Turstien i Herand, uten å legge merke til han som noko anna enn gamalt rusta skrapjern. Han har hatt ei variert tilvere sidan han kom til i 1898. Eg snakkar om den gamle ystekjelen frå Meieriet. Etter at det ikkje lenger vart laga ost i bygda stod han ei stund på Meieriet, til glede for borna som leikte gøyme i han, fortell Ragnhild Danielsen. Deretter hamna han på Vassel. Her vart han nytta til vatnreservoir for drivhuset til Lars Haavik, som dreiv med tomatar og agurkar. I mange år var han ikkje i bruk, og han vart meir eller mindre gløymd, rusten og fæl som han var blitt. Han vart køyrd til Samland, der han vart pussa og måla. På dugnaden i vår vart han frakta til Båthamna, der han no får ei ny tilvere med blomar i, i lag med ein kvernstein frå Sevare.

                                                                    Ingrid Stranden Haavik


Dan, Sølve og Lars Olav diskuterer korleis dei skal plassere ystekjelen.