SAMLEN

Fjelltoppen Samlen stikk seg ut som eit landemerke i fjorden. Det vert sagt at i gamle dagar brukte dei denne toppen til vardebrenning -  for å varsla både utover og innover fjorden. Den ruvar 686 m.o.h. og tek du turen opp hit er du garantert god utsikt.

Det er merka tursti frå toppen av Åsleitet  – like ved grensa til Ullensvang Herad – og opp til varden på toppen av Samlen. Det er litt bratt opp nokre stader, men det gløymer du fort når du kjem opp til den fantastiske utsikten! Her ser du rett ned på Herand, får utsyn over heile Herandsholmen og fjorden utover. Snur du deg ser du bygdene i Kvam og fjella innover der og langt innover fjorden.





 Utsikt mot Fyksesund i Kvam