Tusen Takk !

 

Herand bygdelag ynskjer med dette å rette ein stor takk til alle dei som var med på bygdedugnaden laurdag 26.april. Ca 75 personar møtte fram og la ned ein stor innsats på mange ulike stader og arbeidsområde. I år var det spesielt mange som stilte opp med teknisk utstyr av ymse slag: Traktorar, hengarar, boremaskinar, gravemaskin etc. Ein spesiell takk til dei.

 

Bygdelaget er glad for at me her i bygda har tradisjon for denne dugnaden. I tillegg til at det er bra å gje bygda ei ”ansiktsløfting” no om våren, er det både kjekt og nærande for fellesskapen.
 

Herand bygdelag