Herand Aktiesagbrug

Opningstider:
Saga er så og seia i daglig drift , mai og juni.
Er open for grupper og andre, etter avtale, heile året. 

Inngangsbilett kr. 50,- voksen, og  kr. 20,- for barn under 15 år

Lett tilgjengeleg – tett ved Aqua Farms ligg den freda Tveiti Oppgangssag.
Det har vore sager i bygda sidan 1600-talet.
Denne fleirblada saga kom til bygda i 1909 og vart driven til sist på 1970-talet.

For ekstra omvisning / saging, ta kontakt på tlf.  90 97 53 68  
Materialar som er skorne på saga kan tingast



Grupper og andre
kan bestilla saging utanom dei oppsette tidene.
Her får ei gruppe informasjon om Herand og om oppgangssaga før saga vert sett i gang.
 Dei får sjå heile tømmerstokkar verta sagd til bord.

http://www.youtube.com/watch?v=MSxEeWvde2c 


 

Tveiti Oppgangssag

Fyrste Dokumentasjon på Tveiti sag er frå 1603
Det er nevnt at det dette året vart
sagd 300 bord ved saga. På denne tida var det stor eksport av tømmer til Skottland, og sagbruka hadde gode tider. Oppgangssager var eit stort framsteg og gjorde arbeidet mykje enklare.
Det har vore 3 Oppgangssager i Herand.
Skottehandelen tok slutt på siste halvdel av l7oo-talet, men det var likevel grunnlag for å halda liv i sagene i bygda. Båtbygging har lang tradisjon,og tømmeret til mang ein båt både i distriktet her og elles i landet vart skore her.

Saga slik ho ser ut i dag

Tveiti sag har vore i samanhengande drift frå 1700- talet til fram mot slutten av 1970-åra. I 1909 vart saga overteken av Herand Aktiesagbruk AS, der grunneigar,
båtbyggarar og andre var eigarar. Same år kjøpte dei ei brukt fleirblada Oppgangssag frå Sjur K. Skeie i Ulvik for 1450 kr. Ei slik fleirblada Oppgangssag var eit stort fram-
steg. No kunne ein skjera bord av heile stokken på ein gong.


Sverre Haugen i aksjon på saga

Sjølve bygningen er truleg ombygd i 1909, men ein finn teikn på at deler er eldre. Herand Aktiesagbruk AS var i drift til 1957, men saga var likevel i drift til slutten av 1970-talet, men no med andre eigarar.
I 1986 vart saga freda og vart nyrestaurert i 1992
Ei ny stifting kom i gang i 2002.
 

 

 

 

Restaurering av oppgangssaga