Miljøprisen 2001
Tekst Marit Samland og Margreta S. Eiken
 

 

 


12. juni 2002 var ein stor dag for Herand. Då blei Hordaland fylke sin miljøpris for 2001 tildelt Herand Bygdelag. Det skjedde under fylkestinget si samling i Rosendal.

 
 

Fv. Gisle Handeland, Johan Haugen, Marit Samland, Kjellaug Hoås Samland,
Margreta Sandvin Eiken,  Bente Bondhus

 



 

 


Ein gruppe frå bygdelaget fekk gleda av å reise dit for å ta i mot prisen, og det var ei stor oppleving å få vera tilstades i salen denne dagen. Bente Bondhus, leier av komitè for miljø og samferdsel, sa mange rosande ord om Herand Bygdelag sitt arbeid så lagt. Under ståande applaus frå salen delte ho ut ein sjekk på kr 30 000,-, diplom og blomabukett. Margreta fekk så ordet, og heldt ein flott takketale på vegne av oss alle.

Etterpå fekk vi nyta ein god lunch på reserverte plassar ved bordet saman med bl.a. fylkesordførar Gisle Handeland. Det var og svært gledeleg at Åge Bremer, Terje Aarsand og vår eigen ordførar John Skogseth hadde teke turen til Rosendal. Dei har vore viktige støttespelarar under bygdemobiliseringa, og utan hjelp hadde vi truleg ikkje vore så godt i gang.

Både sjekk og diplom er innramma og heng i Meieriet. Blomabuketten syntest vi at leiaren i bygdelaget, Jon Steinar fortente mest av alle, sida han ikkje hadde høve til å vera med til Rosendal.

Så kan vi alle vera stolte og glade for at den denne gongen var vår tur til å bli sett ”pris på”.

Helsing frå oss som var med til Rosendal:

Margreta S. Eiken, Kjellaug H. Samland, Johan Haugen og Marit Samland.

 

Ved overrekkinga av miljøprisen ynskte me sjølvsagt å sei fram ein takketale. Den gjengir me her:

”På vegne av Herand Bygdelag vil me takka djupt for denne utmerkinga. Dette gjev ein enorm inspirasjon og motiverer oss til å gå vidare i arbeidet vårt.

Å driva bygdemobiliserings - arbeid er ei tålmodighetsprøve. Endringar skjer ikkje fort, arbeidet går i bølgedalar og mange gonger lengtar me etter å sjå raskare og tydelegare resultat.

Å motta så mange gode ord og ei slik utmerking som dette er difor ei uvurderleg vitamininnsprøyting for Herand Bygdelag.

Pengar kjem alltid vel med – me har fleire planlagde prosjekt eller ynskje – men endå viktigare for oss er den moralske støtta og den oppbacking me no opplever å få. Det gjer godt å kjenna at me får støtte og aksept for at tankane våre og det arbeidet me gjer er viktig.

Og ikkje berre for vårt lag gjer dette godt. At bygdelagsarbeid blir sett og verdsett slik som dette, trur me bestemt er til stor inspirasjon og motivasjon også for dei andre laga som me ser etablerer seg rundt Folgefonn – halvøya.

Me er særdeles glad for at fylkeskommunen og fylkesmannen si landbruksavdeling i stor grad har valt å prioritera Folgefonn - halvøya som region, og at dei støtter så godt opp under dei ulike laga. Og ikkje minst at desse etatane har teke initiativ til samarbeid mellom desse laga! Me har eit sterkt ynskje om at dei og er med framover og held oppe trykket i dette viktige arbeidet.

Herand Bygdelag har i dei fem åra dei har eksistert hatt eit svært godt samarbeid med landbruksavdelinga til fylkesmannen. Terje Aarsand må me få nemna spesielt. Han gjorde eit stort arbeid med Synergi 21 – han har delt mange tankar og idear med oss – og ikkje minst har han vore lett å få opp av kontorstolen og til å ta turen inn til oss. Det same gjeld Anders Stub ved same avdeling som har vore til stor hjelp når det gjeld områdetiltaks – midlar. Me fekk også ein god start på arbeidet vårt ved hjelp av Åge Bremer hos fylkesmannen. Han motiverte oss og synte gode modellar for struktur og organisering.

Og ikkje minst vil me med stor glede retta takk til vår eigen ordførar, John Skogseth. I alle desse åra har han vist både i ord og gjerning at han støttar oss og synes det me gjer er flott og viktig. Han er utruleg positiv, og så ofte han kan har han vore med på møte og arrangement.

Til slutt ein ekstra stor takk til alle positive bygdefolk som på ulikt vis tek del i arbeidet for ei triveleg og livskraftig bygd.

Takk igjen for utmerkinga – og hjarteleg velkomen til Herand og Jondal kommune!”