Kulturvernmidlar 2010.
Herand Bygdelag blei  30 august tildelt kr. 30000 i midlar for 2010. Kulturkonsulent Berit Vik skriv at tilskot til kulturvern er naudsynt om ein ønskjer ein aktiv kulturvernpolitikk, og å ta vare på historia og kulturminna i Jondal. 
Berit Vik skriv at: det må takast med i vurderinga at Herand Bygdelag gjennom fleire år har våre ein pådrivar innan kulturvern generelt.
Det kan nevnast at siste utbetalinga frå Hardangerrådet blei utbetalt i juli. Dette var ein søknad frå 16 november 2009 om midlar i 2010 på kr. 50000.
 Dan Danielsen