Herand bygdelag kåra til vinnar av kulturlandskapsprisen 2008!
Overrekking av Kulturlandskapsprisen
Torsdag 29.mai vart Herand Bygdelag tildelt Hordaland fylke sin kulturlandskapspris.
Dette skjedde ved eit flott program som starta ved skulen i Herand. Her vart alle inviterte gjester ynskt velkomne av Åse Våg frå Fylkesmannens landbruksavdeling. Det vart servert kaffi og kaker før me, naturleg nok, la ut på ei vandring i kulturlandskapet. Denne vart lagt til ein ny tursti, frå skulen, via Sveleite, Myrane og Eikje. Der stoppa me og fekk ei orientering om planane for Eikjetunet. Vidare gjekk turen oppover beitene til me endte ved Ondalsvegen. Ein flott tur! Neste post på programmet var lunch i Mælen. Deilig betasuppe, og kaffi og eplekake etterpå.
So var det tid for den formelle delen av programmet. Prisen vart delt ut av Fylkeslandbrukssjef Ole Bakkebø. Han sa i talen sin at juryen si grunngjeving for tildelinga gjekk i retning av at Herand på ein heilt spesiell måte har makta å gjere kulturlandskapet tilgjengeleg for alle, ikkje minst ved å lage turstiar. Også dette med å løfte i flokk, og snu ei negativ trend vart nemnd.

Ved same arrangementet vart det delt ut ein spesialpris til Odd Arne Espeland for arbeidet han har gjort for å ta vare på gamle storferasar, samt stølsdrifta på Stavali.

Me er stolte av bygda vår, og ynskjer å gratulere alle Herendingar med prisen. Her har alle vært med og bidrege på sin måte.

 

Herand Bygdelag mottek  Hordaland fylke sin kulturlandskapspris

Ved same arrangementet vart det delt ut ein spesialpris til Odd Arne Espeland for arbeidet han har gjort for
å ta vare på gamle storferasar, samt stølsdrifta på Stavali.

Det vart servert kaffi og kaker før me, naturleg nok, la ut på ei vandring i kulturlandskapet.
Denne vart lagt til ein ny tursti, frå skulen, via Sveleite, Myrane og Eikje.
Der stoppa me og fekk ei orientering om planane for Eikjetunet.
Vidare gjekk turen oppover beitene til me endte ved Ondalsvegen.

 

 

les meir her:
http://www.fylkesmannen.no/hoved.aspx?m=1166&amid=2046321
http://www.jondal.kommune.no/Artikkel.aspx?AId=510&back=1&MId1=1&