I dag…..
     

Herand er ei bygd med rike tradisjonar og mykje historie. Dette viser igjen i omgjevingane. Men det er og ei levande bygd med puls og andedrett. Me som lever her, ca 220 personar, er stolte av bygda vår. Me prøver å ta vare på henne etter beste evne, og samtidig sørge for utvikling, slik at ho forblir ein levedyktig og moderne stad å bu, eller vere turist på. Dette viser og igjen i kulturlandskapsprisane me fekk i 2008. Herand vart tildelt både den nasjonale og Hordaland fylke sin pris.

Me har eit aktivt bygdelag som mellom anna driv barnehagen her, og som kjøpte skulen som vart nedlagt. Her kjem det no eit opplevingssenter der ein kan skaffe seg informasjon om dei ulike severdigheitane som finst i bygda. Turstiar, Herandsdagar , komlemiddagar, pubquiz og julemesse er og saker bygdelaget står for.

Herand er ein av Landskapsparkane i Hordaland. www.landskapspark.no . Dette er tiltak for å skapa/halde oppe vekst og næring i bygda.

Me er ikkje så mange som bur her, men me har eit rikt tilbod av lag, organisasjonar og aktivitetar. Me har mellom anna eige musikklag. Ikkje så mange små bygder har hornorkester i 17.mai-toget sitt. Herand musikklag er høgst oppegåande, og feirar 50-årsjubileum i år. Idrettslaget kjøpte nyleg inn spinning-syklar, og det vart so populært at det er venteliste for å få bruke dei.



Butikken vår er viktig for det daglege brødet, men og for det sosiale livet. Her kan ein slenge innom, og ein treffer folk å prate med. Etterpå kan ein orientere seg om det som skjer ved å studere oppslagstavla utanfor.

Herand er ei tradisjonell jordbruksbygd. Jordbruk/skogbruk har vore grunnlaget for busetnaden her, og er framleis ei viktig næring. Dei aller fleste har også eit anna arbeid i tillegg til gardsdrift.
           
Akvakultur har vorte ei viktig næring siste 20 åra. I dag er det sysselsett 12-15 personar i eit smoltanlegg og på eit matfiskanlegg.

Det er og ein maskinentrepenør med 5-6 arbeidstakarar, og ei databedrift har etablert seg her, samt ein del 1-2 mannsbedrifter av ymse slag.
Ein del pendlar til kommunesenteret Jondal eller lenger (Nordsjøen, anleggsarbeid).