Ei gamal bygd
Første spor etter folk er eit hellerissingsfelt som truleg er om lag 3000 år gamalt. Feltet er spesielt pga av mange erotiske motiv. Elles er her gjort fleire fornfunn, m.a restar av gamal busetnad under dei store hellarane. Første skriftlege kjelder er frå tidleg på 1300 talet, mange av gardane er då nemnde i ulike offentlege papir.
På slutten av 1500 talet vart det bygt tre oppgangssager i Herand. Det var den store handelen med materialar spesielt til Skottland som gjorde det mogeleg. 
I første halvdel av 1700-talet vart båtbygging ei næring,  og etter kvart vart dette ei stor næring. Det vart bygt båtar mest på alle gardar og det var fleire små båtbyggeri. Kanskje hadde 50-60 personar hovudinntekt frå båtbygging i siste halvdel av 1800- talet. Heilt fram til etter andre verdskrig var dette ei stor næring, men var bortimot slutt kring 1980.

 
Herand var eit ganske stabilt samfunn fram til etter andre verdskrig.
Då byrjar sterk nedgang i folketal, avskalling jordbruk, båtbygging, lett å få arbeid utafor bygda (industri, byvekst).

          Aqua Farms Herand byggjer ut smoltanlegg i 1986, og 
          i 1987 fekk   me ny skule og barnehage i Herand.