Herand Bedehus

Per 2016 er styret:
Formann : Arjen L.H. Stolk (410 86 016)
Nestformann : Reidun Haugen Dalseth
Skrivar : Sarah-Marie Røstbø
Medlem : Ingrid Stranden Haavik
Medlem : Marna Roer
Vara 1 : Ragnhild Aarvik
Vara 2 : Haldor Tuvin
Kasserar (ikkje styremedlem): Gerd I. Haugen
Kontakt ved gravferd: Berit Tuvin (924 54 479)


Bilete no.

 

 

 

 

 

 

 

 

 Bilete før.  

 BEDEHUSET I HERAND

Bedehuset i Herand har ei lang historie. Det blei bygd i 1888 og fekk tilbygg både på 30-talet (inngangsparti) og på 60-talet (småsalen, foreiningsrom og fornya kjøken). Huset er innvigd til kyrkjeleg bruk. Dette inneber at det kan haldast gudsteneste, og bedehuset vert nytta til gravferd. For tida (2016) er det gudsteneste 1 til 2 gonger i året.

Det føregår elles mykje på bedehuset. Faste tiltak:
- Liturgisk Kveldsbøn, kvar måndag kl. 20.30
- Kveldsbøn, kvinner møtes kvar torsdag, kl. 20.00
- Suppekafé, ca. kvar tredje torsdag i månaden, frå kl. 16.30
- Laurdagsgraut/kvardagsskule ein gong i månaden, kl. 15.00
- Møter; ca. tre sundagskveldar i semesteret, kl. 19.00
- Møter; av og til laurdagsettermiddag, kl. 15.30
- Julefest av kvardagsskulen/Indremisjonsforeining
- Bedehusbasar seint om hausten, med gevinstar som passer bra til jul
- Kvinneforeininga i NMS sin basar på palmelaurdag
- Siste laurdag i april, på dugnadsdagen, er det felles graut

Herand Indremisjonsforeining samarbeider med Jondal Indremisjon, og deler ofte talarar, slik at eit av møta blir haldne i Herand.
Styret ynskjer at Herand bedehus kan vera ein lett tilgjengeleg møtested for alle, der ein kan få mat for både kropp eller/og sjel.
Stikk gjerne innom, du er hjarteleg velkomen!
OBS: følg gjerne med på oppslagstavle ved butikken