HELLERISTNINGANE

På Bakke er det gjort mange funn som vitnar om svært gammal busetnad, mest kjend er helleristningane i Kalhagen. Dei er truleg frå yngre bronsealder (1100 - 500 år f.Kr.) På ein bergknaus kalla Mariskarvet finn me heile 85 figurar som framstiller m.a. båtar, menneske, fotspor, vatn, ringar og gropar. Det er ulike tolkningar på kva figurane symboliserar men det som går att er livssyklus, religion, grøderikdom, sol og ritualer.




Helleristningane vart første gong innrapportert av lokalhistorikar og sokneprest i Ullensvang O. Olafsen i 1903. Funnet har vore undersøkt fleire gonger. I perioden frå 1972 til i dag har det vore drive konserveringsarbeid, og det er funne fleire nye helleristningar. Figurane er hogne inn i bergflaten ved hjelp av metall eller hard stein. Dei har ikkje vore malte opphaveleg. I dag vert dette gjort av fagfolk for å tydeleggjera motiva.

I dag vert dette ikkje gjort meir då det vil øydelegge ristningane over tid. Motiva vil etterkvart som raudfargen forsvinn, best kunne sjåast i måneskin eller i låg kveldssol, eller ved hjelp av lommelykt/anna skråstilt lyskilde.

Ver vennleg å utvise stor varsemd ved helleristningane. Ikkje tråkk eller på anna måte påfør dei skade.
 All parkering skal skje på plassen ved Grannahuset, ca 100m. mot fjorden.


Petroglyphs in Herand:
At Bakke in Herand, close to the main road to Utne (route 550) you`ll find approx. 150 rare petroglyphs illustrating unique human-like figures, sacrificial hollows and fertility symbols from the Bronze Age. Information board at site.
Please refrain from stepping on, or damaging the petroglyphs.
 All parking by the Village Hall/bus-stop, approx. 100 metres towards the fjord.