KULTURHISTORIE   |   ARKEOLOGI   |   GEOLOGI   |   HELLERANE-PROSJEKTET

ARKEOLOGI

Skipshellaren på Vassel
Tidleg på 1920 – talet vart det gjort funn under Skipshellaren på Vassel, som fortel at staden har vore nytta av folk for mange hundre år sidan. Det var eit brot av eit spannforma leirkar som kom for dagen saman med store bein, tenner og kol. Funna skreiv seg frå menneske som oppheldt seg under hellaren i folkevandringstida (400 – 550 e.Kr.). Folket under hellaren var mest truleg bønder som brukte denne staden då dei arbeidde i utmarka. Beina fortel at det vart halde husdyr her og kolet viser at det vart gjort opp eld. Det fanst få gardar i Herand i folkevandringstida. Gardane Bakke  og Vik vart truleg rydda på denne tida og kanskje var det folk frå ein av desse gardane som brukte Skipshellaren som heimestøl. Ein kan ikkje sjå vekk frå at hellarane i Herand også vart brukt av folk i stein- og bronsealderen.

     

Skiphellaren

Jordbruk i Herand
Det er få spor etter jakt- og fangstfolk som levde i steinalderen i Herand. Fangstfolka heldt seg helst til ytre kyststrøk. Dette endra seg mot slutten av steinalderen (2400 – 1800 f. Kr.) då dei første jordbrukarane rydda skog til beite og små åkrar ved fjorden. Frå denne tida er det funne ei skafteholøks på Tveiten, brukt som ei jordhakke til rydding av åker. Frå bronsealderen (1800 – 500 f.Kr.) har ein særs mange helleristingar i Kalhagen på Bakke. Motiva syner m.a. skip, dyr og menneske. Symbolbruken der vitnar om at dyrking av grøde og sola var viktig for dei første jordbrukarane. Dei første gardane - med eigne namn, faste åkrar og skilje mellom innmark og utmark - vart likevel først rydda i eldre jernalder (500 f.Kr. – 550 e. Kr.). Garden Vik var då busett og der kan ein sjå tufta til eit stort naust frå denne tida (25 m langt og 12 m breitt). Gjennom heile jernalderen var det folkeauke i Herand og nye gardar vart rydda. Det er fleire gravhaugar som skriv seg frå vikingtida (800 – 1000 e.Kr.), som på Bakke der det er funne både sverd og øks i ei mannsgrav frå vikingtida og i Sævarhagen der det er funne ei klebergryte. Også på Melen, Tveiten, Herandsholmen og Samlaneset har det vore gravminne i jernalderen.

Helleristingar frå bronsealderen, Bakke


 

Mellomalder:
Overliggjar til kvernstein, Vassel

 


 

Vikingtida:
Tveegga sverd med bandforma slyngornamenter på knappen, Bakke


 

Seinneolitikum:
Pilspiss av flint, vatnrullaflintkjerne ogavslag, Sæverhagen


 

Seinneolitikum:
Eggforma stein-øks med skafthol,Tveiten


Vikingtida:
Tveeggasverd, Bakke


 

Bilder: UiB, Kulturhistoriske Samlinger
Tekst: Bård Gram Økland