HERAND MUSIKKLAG
Herand_musikklag/Aarsmelding Herand Musikklag 2015.pdf


Herand Musikklag er eit brasskorps som vart stifta 31.mars 1959. Sjølv om blåseinstrument og notar var nytt for dei fleste då, var det korpsmusikk i toget på 17.mai i 1961. Og sidan den gong har det vore ”hornmusikk” i toget i bygda kvar 17.mai. Gjennom desse åra har korpset forandra seg mykje; frå eit korps med berre vaksne menn til eit generasjonskorps med både born og vaksne av begge kjønn. Også medlemstalet har svinga mykje. Frå 45 aktive musikantar i 1989 til berre 16 i dag.
Korpset har altså ei svært stolt historie å sjå tilbake på, og har heile tida hatt djupe røter og mange gode støttespelarar i bygda. Det har i prega bygde- og kulturlivet i Herand på mange område og har vorte nytta ved mange høve og spesielle arrangement bade her og i resten av kommunen.
Utanom den tradisjonelle spelinga i toget både i Herand og Jondal på17.mai, er korpset å høyra på ulike andre arrangement. Det er t.d. på adventkonserten i Jondal kyrkje, speling på julaftan i kyrkja, speling ved tenning av julegrana, sommarkonsert i Mele, på arrangement som “Herandshelga” og opninga av Handverksmessa. Elles er det konsertar korpset arrangerer sjølv som t.d. Fastelavns- konsert eller Nyttårskonsert som vert prøvd for fyrste gong i 2016. Kvart år er det kakelotteri onsdag i påskeveka. Det føregår utanfor butikken, og korpset spelar som takk for god støtte.
Folk i Herand set pris på korpset. Av dei om lag 200 innbyggjarane er det heile 64 støttemedlemmer. Og mange vel å gje sin grasrotandel når dei tippar til korpset. Sist år kom det inn 4500 kr frå desse.

Inspirerande og engasjert dirigent er Tor Storegjerde.

Styret er:
Leiar: Ingeborg Huus
Nestleiar: Margot Haugen
Kasserar: Tor Storegjerde
Skrivar: Ragnvald Joakimsen
Styremedl: Marit Huus


Å vera med i Herand Musikklag inneber:
*Kontingent på 100 kr pr.år
*Øving kvar torsdag
*Låna instrument / nødvendig utstyr
*Speleglede, fellesskap og godt humør

Korpset ynskjer fleire medlemer, ung eller gamal; det er berre å ta kontakt!

Korpset spelar trufast i toget på 17.mai både i Herand og i Jondal. Her i Herand


Ingeborg Huus ( til høgre) og Margot Haugen;Leiar og nestleiar i korpset.


Tor Storegjerde trakterer fleire instrument, men for tida er han dirigent!



Einar Samland og Gunn Instanes har spelt i 30 år i korpset!

 

 

Bilete frå fastelavenskonsert 2013

link til orginalbilde.. 

 


















Herand_musikklag_aarsmelding-2014.pdf