Herand Kvinne og Familielag

Styret i Herand Kvinne & Familielag 2017


Leiar          : Marit Samland    marit.samland@kvamnet.no   97656941
Nestleiar    : Berit Tuvin          berit.tuvin@kvamnet.no         92454479
Kasserar    : Dorthea Vikane  d.vikane@hotmail.com           95725609
Skrivar      : Marta Bergstø     marta.bergsto@kvamnet.no   48128670
Studieleiar  : Bjørg Huus         bjohuus@gmail.com              41128422

Herand Kvinne og Familielag vart starta i 1938.
Me er medlem av Norges Kvinne og Familieforbund,
som arbeider med kvinne - politiske spørsmål, nasjonalt og internasjonalt.

Laget vårt har 11 medlemmer.

I 2016 hadde me eitt årsmøte og fire medlemsmøter i gamlestova på Tveite.
Adventsmøtet nytta me til å laga fine juledekorasjonar etter god rettleiing frå Marit Samland.

I gamlestova var det og plass til 27 damer då me inviterte til ope møte i oktober.
To damer frå Mauranger kom og presenterte «Ein blå tråd» for oss.

I februar hadde me ansvar for fastelavnskafè i kjøkenet på Herand Kulturhus.

Marsmøte som det var vår tur til å skipa til, vart halde på same stad.

Me inviterte damene frå Jondal og Kysnes. Me hadde ein triveleg kveld der
Johan Storm Munch frå Folkeakademiet heldt føredrag om distriktslækjar Otto Theodor Kinck.

Me fekk invitasjon til å vera gjester på Øystese Kvinne og Familielag sitt Marsmøte,
noko fem av medlemmene deltok i.

Til konfirmasjonen 24.april, var det Herand Kvinne og Familielag sin tur til
å pynte kyrkja i Jondal.

Tradisjonen tru laga me graut og kaffimat til om lag 70-80 personar og serverte i Herand Bedehus
på Bygdelagsdugnaden 30.april.

Som avslutning på vårsesongen hadde me ein fin tur til Mauranger i strålande vèr.
Haustsesongen vart avslutta med ein betre middag på Jondal Hotel.

Elles har me hatt ansvar for tilsaman ni kafèar på Vikevollen i regi av Frivilligsentralen,
to av dei (juni og desember) saman med Jondal Kvinne og Familielag.