Restaurering av oppgangs-saga.

 

Saga vert redda enno ein gong
Det står dårleg til med den gamle oppgangssaga nett for tida. Muren ut mot elva held på å siga ut, og den må reparerast før saga kan brukast. Det er grunnen som sviktar. Eit slikt arbeid er ikkje noko ein kan ta med lett hand, og heller ikkje kan ein gjera som ein vil med eit freda bygg.
Her må muren takast ned med stor varsemd – for den må opp att mest mogeleg lik som den var!Dette er eit tidkrevjande arbeid, og det seier seg sjølv at det også vert svært kostbart.
Magnus Eiken har teke på seg oppgåva. Deler av muren er teken ned, og det viste seg snart at denne låg på leire. Ikkje å undrast på at grunnen då tok til å gje etter der elva og vatnet frå kvernkallen har arbeidd i fleire år!

Skulle muren – og saga – reddast måtte noko skje fort. Og tysdag 6. april vart det støypt ei ”kake” på 3 x 5meter av C45 betong i botnen som skal gje fast grunn til muren som skal opp att.

Og den må opp att så snart råd er. Sommarsesongen er ikkje langt unna, og alt 12. mai 2004 er det venta 2 bussar med turistar som vil sjå saga i drift!


Ikkje lett å koma til med bilen. Her må betongen fyrst lessast over i traktorskuffa.



Betongbil frå Fusa er på plass – saman med lokale arbeidskarar. Her er frå venstre Kjetil Eiken, Magnus Eiken og Svein Samland. Tor Alsaker var og med



Her ser ein tydeleg at det er leire i grunnen.



Alexander Haugen og Inge Johan Augestad fekk vera med besten ( Johan Haugen ) å sjå på at arbeidet gjekk greit for seg!



Svein Samland ved kvernkallen