Herand kulturhistoriske senter
“Ei reise gjennom 9000 år”

        
Opning av ordførar Sigrid B.Handegard.

 Utstillinga er laga av Arkikon på oppdrag av Herand Bygdelag. Den tek for seg kulturlandskapet og historia i Herand frå siste istid og fram til førre hundreår. I Herand sitt autentiske kulturlandskap er det spor etter alle tidsperiodar, frå 9000 år gamal busetjing under hellerane, unike hellerstningar frå bronsealder samt nausttuft og gravfunn frå jernalder.
Kulturlandskapet er forma av eldgamle jordbrukstradisjonar, sjølv om blant anna båtbygging og tømmereksport saman med oppgangssaga også var heilt sentrale næringar i nyare tid.

Utstillinga har fått eit moderne design og er basert på storformat fotografiar og skjermvisningar. Den er meint å gje bakgrunnsinformasjon og inspirasjon for både fastbuande og tilreisande til sjølve å gå ut og oppleva det rike kulturlandskapet og alt anna bygda har å by på.

Utstillinga  har ope 15., 16., 22., 23. og 24. mai

kl 12.00 – 16.00. Sesongope frå 19. juni.

Pris :      vaksne kr 50,-       born kr 25,-
For meir informasjon eller ynskje om omvisning utanom opningstidene: ring 97717946,  91622691 eller  97150588

Plakat Herand Kulturhistoriske senter;