Styremøte i Bygdelaget måndag 26. januar 2009 kl. 19.30 på skulen.

Tilstades: Bjørg Samland, Johnny Eiken, Gerd Ingeborg Haugen, Gunnar Bergstø ,
Sølve Hanssen, Arjen Stolk og Dan Danielsen.
Kenneth Vikane møtte ikkje og hadde heller ikkje meldt avbud.

Sak 1.Herandshelg.
Det blir Herandshelg 4. og 5. juli. Sarah Marie Røstbø møtte og la fram
programmet frå sist gong. Ho hadde også forslag til nye programpostar.
Sarah Marie får ansvaret for planlegginga av Herandsdagane.
Styret sine medlemmer skal hjelpa til med arrangementet.

Sak2.Innbrotsforsøk i Meieriet.
Brev frå Hordaland Politidistrikt om at forholdet er meldt til Politiet.
Dan Danielsen sender inn krav om tilbakebetaling av kostnader ved isetting av
nye glasruter.


Sak3. Årsmøtedato.

Årsmøtet for 2008 vert sundag 29. mars kl. 19.00 på skulen.

Sak 4. Krambua i Vik.
Antikvariske myndigheiter har gitt råd om at alt som er råte bør skiftast ut. Taket er
skrapt av Arjen Stolk, Dan Danielsen har rydda, Sølve Hanssen og Dan har kjøyrt
to tilhengarar med avfall til miljøstasjonen. Det gjenstår å reparera to vindauger .
Nytt golv må også leggjast. Så må krambua vaskast godt.
Sølve Hanssen, Bjørg Samland og Arjen Stolk får i oppdrag å finna ut om korleis
krambua kan brukast. Det er ynskje om salg av lokalt produserte produkter der.
Kan dette la seg gjennomføra?

Sak5.Leskur på Bakkehaugane.
Ei gamal sak som Bygdelaget har behandla tidligare.
Statens Vegvesen kjem på synfaring fredag 30. januar. Frå bygda møter: Ingebjørg
Grøtt, Kaia Gulbrandsen og Kjell Olav Samland, samt Dan Danielsen.

Sak6. Bygdearrangement:
Herandsdugnad - laudag 18. april
50 års jubileumsfest Musikklaget - laurdag 25.april
Herand Aktiesagbruk 100 år - laurdag 20. juni
Jonsokbryllaup - tysdag 23. juni
Ungdomsfestival i Jondal - laurdag 27. juni
Herandsdagar - laurdag 4. og sundag 5. juli.
Streif - ikkje bestemt.

Sak 7. Skulesamling/Utstilling.
Styret vedtok at ei gruppe kunne setja i gang arbeidet, og rom blei stilt til rådvelde.
Gruppa er: Berit Tuvin, Ragnhild Aarvik, Dorthea Vikane og Anna Maria Eiken.
Assistentar:Trond Vikane, Haldor Tuvin og Dan Danielsen.



Sak 8. Helleristningsfeltet.

Gerhard Bakke, Lars Sæverhagen og Kåre Svåsand har rydda området og det har nå
blitt storfint. På forespørsel vil Edmund Selsvik finna bord og benkar
av Solesnesstein. Plasseringa av dei har Gerhard funne.
Det må takast mål for å finna ut størrelsen på sitjegruppa.
Eit flott tiltak.

Sak9 Båtbyggjarmuseet.

Styret gav sin tilslutnad til at dei ansvarlege for museet, Dan Danielsen og
Sverre Haugen, får lov å trykkja opp eigen brosjyre med opningstider.


Sak 10.Dugnad
Neste onsdag (4. febr.) kl. 19.00 har bygdelagsstyret rydde-dugnad på skulen.


Dan Danielsen
skrivar