Styremøte i Herand Bygdelag måndag 23. mars kl. 19.30 på skulen.

Tilstades: Kenneth Vikane, Gunnar Bergstø, Arjen Stolk, Bjørg Samland,
Gerd I. Haugen, Dan Danielsen og Sølve Hansen.


Sak 1. Byggjelån.
Sparebank 1 Hardanger vil innvilga byggjelån på kr. 900 000. Dei krev at Jondal
Kommune vik prioritet på skulehuset for panteobligasjonen.
Denne erklæringa skal så tinglysast saman med panteobligasjonen.
Jondal Kommune har etter søknad godtatt dette i ei eiga erklæring til Herand Bygdelag.
Styret vedtok einstemmig å godkjenna låneopptaket. Leiar Dan Danielsen får
fullmakt til å administrera byggjelånet, då det er han som tilviser rekningane.
I tilknyting til denne saka blei det gitt ei orientering om den økonomiske situasjonen i prosjektet.


Sak 2. Forsikring.
I samband med byggjelånet ynskte Sparebanken å gje oss eit tilbod på forsikring hjå dei.
Gerd I. Haugen og Dan Danielsen møter representantar for banken onsdag 25. mars i
Herand.

Sak 3. Stifting av Jondal Blomsterfond.
Styret ynskte ikkje å delta på skipingsmøte.

Sak 4. Årsmelding.
Årsmeldinga blei opplest og einstemmig vedtatt.

Sak 5. Vask av møterom.
Det viser seg at møteromma ikkje alltid blir reingjorde etter bruk.
Vennligst VASK etter dykk – er oppmodninga.



Dan Danielsen
skrivar