Styremøte i Bygdelaget måndag 23.febr. kl. 19.30 på skulen.

Dei som møtte var: Arjen Stolk, Gerd Ingeborg Haugen, Sølve Hanssen, Bjørg Samland, Gunnar Bergstø og Dan Danielsen.

Sak 1.Gjennomgang av regnskapet for 2008 ved kasserer.
Gerd Ingeborg forklarte om dei einskilde postane. Styret vil innstilla overfor årsmøtet
at regnskapet vert godkjendt.

Sak 2. Innmelding i Frivillighetsregisteret.
Styret vedtok å melde seg inn i Frivillighetsregisteret.

Sak 3. Utleigeprisar i Meieriet.
Styret vedtok ein sats på kr. 500 pr.døgn for alle leigetakarar.

Sak 4. Søknad om kulturverntilskot.
Stiftinga Herand Aktiesagbruk søkjer om kr. 5000 for å laga film om saga.
Dette i samband med 100-års jubileet.
Styret vedtok å støtta søknaden og bevilga kr. 5000 for å laga film.
Gerd Ingeborg vart vald til å representera Bygdelaget på årsmøtet 19.mars. kl.16.30.

Sak 5. Oppgåver i samband med Herandshelga.
Styret drøfta ei ny oppgåvefordeling og kva dei enkelte hadde utført av
arbeidsoppgåvene.
Nye medlemmer i trivselsgruppa : Tor Alsaker, Jorid Merchant, Dan Danielsen,
og Ingrid Blokzijl.

Ska 6. Ymse
a. Leskur på Bakkahaugene. Bygdelaget ba Statens Vegvesen om ei synfaring på Bakkahaugane. Me hadde tenkt at grunneigarar, foreldre, representant for kommunen, lokal sjåfør og representant frå Bygdelaget skulle vera med på synfaringa. Men Statens Vegvesen vilde berre ha med representant frå Bygdelaget og foreldre til skuleborn for å få kjennskap til behovet. Dan Danielsen, Kjell Olav Samland og Ingebjørg Grøtt møtte frå bygda.
Synfaringa er unnagjordt og Statens representant peika på to aktuelle plasser kor ein kunne setja opp leskur/mjølkerampe.
b.Ordførar Sigrid B. Handegard og Ingbjørn Steen fra Statens Vegvesen vilde sjå på svingen ved Meieriet pånytt. Det var Ordføraren som hadde tatt initiativ til ein ny gjennomgang.Dette grunna godkjenning av Meieriet som serveringsstad og at det nå var sett igong leirskule i området. Dan Danielsen møtte frå Bygdelaget
Ingbjørn Steen nevnte, utan han hadde konkludert, at fareskilt med ”born leikar” med opplysningsskilt under med opplysning ” leirskule” var aktuelt. Nå gjenstår det å sjå om skilta kjem opp til sommaren. Me håpar på eit positivt resultat og takkar Ordføraren for initiativet.

Møtet slutt kl. 20.31.

Etter møtet vaska Bjørg og Gerd Ingeborg møtelokalet og pianoet.

Dan Danielsen
skrivar