Styremøte  i Herand Bygdelag 07 januar kl 1915 i skulehuset.
 
 
Tilstades: Gerd Ingeborg Haugen,Bjørg Samland,Sølve Hanssen og Dan Danielsen og
               Gunnar Bergstø.             
               Johnny Eiken og Kenneth Vikane møtte ikkje og hadde ikkje meldt avbud.
 
Sak 1. 4H spurnad om være med i eit familievennleg  naturmøteplass-tiltak i folks
            nærmiljø. 4H er søkjar,men då i samarbeid med lag og organisasjonar.
            Styret i Bygdalaget ber 4H innkalla samarbeidande lag til møte i saka. Styret var
            positive til at laget burde engasjera seg i saka.
 
Sak 2.Streif.
          Landskapsparken meinar at Streifbør arrangerast av Herand Landskapspark.
          Styret i Bygdalaget er også enige om dette.
          På den andre sida så merka styret seg fylgjande uttale frå Fylkesmannen:                       
          ”Lokalsamfunn og næring vært utvikla i fellesskap slik at områda vert attraktive
          som bustad og besøksmål”. 
          Derfor meinar Styret at før dato og opplegg blir fastsett, så må alle som driv    
          næringsverksemd innkallast til eit møte. Også lokale aktørar som deltek på julemessa.
          Styret kan hjelpa Landskapsparken med ei slik oversikt.
           Denne måten å driva Streif på kan danna eit positivt samarbeid for alle næringsaktørar.
           Bygdelaget driv med mykje dugnad på ting som skal koma alle til gode, gratis eller for
ein rimeleg penge, medan landskapsparken har næringsutvikling og profitt som
          målsetjing. Men det vert for drygt dersom nokon jobbar dugnad og andre haustar
          profitt av arbeidet. Difor må noko av innkomene koma attende til ålmenheita på ein
          eller annan måte. 
 
 
 
           
             Dan Danielsen,referent