STYREMØTE I HERAND BYGDELAG 05.FEBRUAR 2008

 

Dette møtet var felles for prosjektgruppa for landskapsparken og styret for bygdelaget.

Stad: Lærarrommet på Herand skule

Tilstades: Marit Samland, Una Eiken, Johnny Eiken, Morten Aasø, Gunnar Bergstø, Dan Danielsen, Bjørg Samland, Sarah Marie Røstbø, Jon Steinar Skeie, Ingrid Stranden Haavik

 

Sak 1 17 mai-feiring i Jondal

Jondal kommune ynskjer å ha ei felles feiring først på dagen i Jondal sentrum, og at denne skal arrangerast av representantar frå dei ulike grendene. Seinare kan grendene ha sine lokale arrangement. Denne ordninga går me imot, då me ser den lokale feiringa som særs verdfull, både for fastbuande, heimkomande utflyttarar og hyttefolk. Ei felles feiring i Jondal ville utvatne ei slik lokal feiring. Me ser det slik at skuleborn med foreldre og evt. andre sjølvsagt må kunne dra til Jondal for å gå i toget der, og at dette må kunne organiserast av foreldreråd/klassekontaktar e.l. Me som bygdelag ser det ikkje tenleg å engasjere oss i dette.

 

Sak 2 Skulen

Herand Bygdelag deisponerer no skulen i Herand. 1.april vil me overta formelt. Innan då må me ha på plass ein plan for kven som formelt skal eige skulen; eit eige selskap, Herand omsorgsbustader, Herand Bygdelag. Ulike modellar vart drøfta.

Når det gjeld betaling for skulen vart me einige om at 1/3 ( 100 000) vert betalt av Bygdelagskassa. Resten vert dekka av prosjektmidlar.

Utleige: Una vert kontaktperson for utleige. Nøkkel vert å finne på butikken. Utleige til lag og organisasjonar vert gratis. Dette er etter same prinsipp som i Jondal. Barnehagen betalar husleige etter same prinsipp som tidligare.

Leigetakarar: Arjen i sløydsalen, Siv Mælen og Solveig Vik i lærarane sitt kontor,

Una i rektor sitt kontor. Klasseromma og gangen i gamledelen vert brukt til formidlingssenteret.

For resten av bygget må me lage ein romplan, slik at me kan sikre best mulig bruk av arealet.

 

Det vart oppretta ei gruppe som skal arbeide med utviklinga av skulen: Dan Danielsen (leiar) Marit Samland, Jon Steinar Skeie, Terje Grøtt og Sigmund Eiken.

 

Sak 2 Bygdemøte

Me ynskjer å halde eit informasjonsmøte om dei ulike sakene som Bygdelaget arbeider med for tida, og då særleg alt som har med skulen å gjere. Dette møtet vert 27.februar kl 20.00 på Herand skule.

 

Sak 3 Årsmøte

Årsmøte i Herand Bygdelag vert halden på skulen 30.mars kl. 20.00

 

 

 

 

Ref: Ingrid S. Haavik