Styremøte i Herand Bygdelag, 31. oktober 2006, på Aqua Farms.

 

Tilstade: Jon Steinar, Dan, Sølve, Kjellaug, Bjørg, Ingrid og Sarah Marie.

Møtet starta kl. 20.40

 

Sak 1 Orientering om sjømiljøet i Vik

Bygdalaget fekk 50.000 kr. i støtte i 2006, og no er det søkt Hordalands Fylkeskommune om nye 50.000 kr. for 2007 på grunnlag av ein ny finansieringsplan.

 

Til Kyrkjebåtnaustet er det søkt om kr. 91.000. Det er kome skisser til korleis naustet kan byggast opp att, som skal ettersendast til fylkeskommunen.

 

Sak 2 Val av styre til Landskapsparkprosjektet

Herand Bygdelag er no med i dette prosjektet. Derfor må det kome i stand eit styre som arbeider vidare med dette. Morten Åsbø er med, og vil fungere som leiar i løpet av eit halvt år. Jon Steinar Skeie er med, og vil fungere som leiar fram til Åsbø overtar. Dan Danielsen og Ingrid S. Haavik er med, det er og Gry Melstveit og Trym Klingenberg. Prosjektstyret kan og knytte til seg fleire personar dersom dei meiner det er nødvendig. Kommunen nemner sjølv opp eigne representantar til dette styret. Una Eiken er allereie inni dette prosjektet via søknader ho har skrive, og seminar ho har vore med på. Dette prosjektet krev mykje sekretærarbeid, og me vil derfor leige henne til dette arbeidet. Styret i HB vil setje av 60.000 kr. til dette.

 

Sak 3 Kjøp av parabol til Meieriet

Det vart bestemt at det vert kjøpt parabol til Meieriet, slik at ein kan sjå fotballkamper. Det vert nødvendig at ein får inn litt pengar til oppvarming av lokale.

 

Sak 4 Komlemiddag under julemessa

Ingeborg Huus ynskjer ikkje å lage komlemiddag. Johan Urheim vil gjere eit forsøk på å samle saman folk til å lage komlemiddag.

 

Det er i tillegg kome ynskje om at det vert seld kaffi og kaker. Sølve spør om Grannahuset ynskjer å gjere dette.

 

Sak 5 Vidaregåande skule – kva kan me gjere no?

Kjellaug tek kontakt med ordføraren snarast for å høyre kva som skjer. Bygdalaget ser det som viktig at det vert arbeida meir aktivt med dette no, for å skaffa søkjarar til våren. Det er frå vår side ynskjeleg at det kjem i stand eit møte mellom kommunen, Odda vidaregåande skule og Bygdalaget.

 

Ymse

Jernskrapsamling

Det ligg mykje jernskrap rundt i bygda, og det hadde vore fint om ein kunne organisert ein innsamling av jernskrap. Morten Haavik har sagt seg villig til å undersøke kostnader med dette. Dersom ein hadde fått til dette ville det vert sett av ein dag til våren som dette vart gjennomført på.

 

Sjenkeløyve i kommunen

Trivsel og kulturgruppa skal arrangere Pub Quiz til helga, og i den samanheng synest gruppa at det er litt underleg at kommunen tek 1500 kr. for ein kveld, medan det i andre kommune kostar nær halve prisen. Det vert fort vanskeleg å gå med overskot på ein lite arrangement med ei slik avgift. Dei lurte på om Bygdalaget kunne skrive ein søknad til kommunen om det er mogleg å endre denne prisen. Dette vil bli gjort.

 

Mannefall i styret

Det har vore vanskeleg for Linda Selsvik å kome på styremøta i det siste, og ho vil no trekke seg frå styret. Neste vara på lista er Jon Olav Haavik, men sidan Ingrid allereie er i styret, vil det verte vanskeleg for begge å kome. Dermed vert det Marit Samland, som tredje varamedlem, som vil verte kalla inn til dei neste styremøta.

 

Sarah Marie Røstbø

- skrivar -