Styremøte i Herand Bygdelag 15.06.08

Desse møtte: Dan Danielsen, Anita Selsvik. Sølve Hansen, Kenneth Vikane, Gunnar Bergstø, Gerd Haugen.

Sak 1. Styret skreiv under på skøytedokumenter på Herand Skule.

Sak 2. Flaggheising på skulen si flaggstong.

Kåre Bru har på førespurnad sagt seg villig til å heisa flagget på skulen ved hendingar i bygda (t.d. gravferder, brullaup osb.) og på offisielle flaggdagar.

Sak 3. Vatning på gravplassen.

Bygdelaget har fått henvending frå bygdefolk om det er råd å få til vatningsanlegg på gravplassen. Me ser det i fyrste rekkje som soknerådet si oppgåve og vil ta kontakt med dei om dette. Dersom det er vanskeleg å få til for dei,  vil me be om lov til å bruka eige utstyr som me vil kjøpa inn.

Sak 4. Brev frå Herand Idrettslag.

Me har fått rekning for leige av skulen til Herand Rundt i retur frå Idrettslaget grunna manglande informasjon om utleigereglar. Me tek dette til etterretning  og  trekkjer kravet for denne gongen. I ettertid ynskjer me å gje betre informasjon slik at leigetakar ikkje er i tvil om det blir sendt rekning eller ikkje.

Sak 5. Valg av komite.

Det vert stor fest for alle bygdefolk i slutten av august i anledning av kulturlandskapsprisane som me har fått. I den anledning må me ha  festkomitear.

Matkomite:  Marta Samland organiserer komite og mat.

Pynting i festlokale: Kvinne- og familielaget og styret i bygdelaget.

Festleiar: Kjellaug Samland leiar og syter for programmet på festen.

 

Sak 6. Måling på Meieriet.

Me leiger nokon til å måla resten av Meieriet utvendig.

Sak 7. Utleige av skulen.

Utleigeordninga av skulen har ikkje fungert tilfredsstillande. Me har no fått andre folk til å ta seg av utleiga, og håpar dette vil fungera betre. Ved ynskje om leige skal ein no henvenda seg til:

Anita Selsvik  mob. 90814932  e-post: anita.selsvik@kvamnet.no

eller

Gerd Haugen  tlf. 53668117   e-post:  g-haugen@hotmail.com

 

Gerd Haugen - ref