Referat fra  styremøte i Herand Bygdalag 04.09.07

 

 

Sak 1            Nordisk Fredsakademi

Fredsakademiet vurderer å flytte frå Herand skule til Jondal. Styret i bygdalaget ser det som viktig å behalda dei her i bygda. For å få dette til må me kunne tilby dei noko ”ekstra”, som t.d. servering og overnatting. 

Jon Steinar skriv eit brev til styret for Fredsakademiet der han seier at med kan hjelpe til med å skaffe overnatting.

 

Sak 2            Skrapjerninnsamling

Vi ynskjer å rydde opp i bygda. Ein del jernskrot kan vi med fordel fjerne. Morten Haavik og Johnny Eiken har ansvar for ein ryddeaksjon. Dei har vært i kontakt med skraphandlaren i Kinsarvik. Det er aktuelt å få ein kontainar hit. Morten og Johnny tar ei synfaring 22.sept. for å danne seg eit inntrykk av mengde. Sjølve aksjonen er planlagt 13.okt. men må flyttast til f.eks 6.okt. grunna 10-årsjubileet vårt. ( Sjå sak  7)

 

Sak 3            Utviding av tilbodet i Herand Barnehage

Etter ynskje frå foreldra og tilsette i barnehagen er det aktuelt å utvide tilbode frå tre til fire eller fem dagar. Dette støttar styret, men det må undersøkjast korleis tilskuddet vert tildelt. Me går inn for fem dagar dersom det er det mest økonomisk lønsame. Det må vere eit krav at begge dei tilsette er på jobb alle dagane. Dette av sikkerheitsomsyn.

Styret i barnehagen arbeider vidare med saka.

 

Sak 4  Løn til barnehageassistent

Det har i det siste vore mykkje gjennomtrekk i stillingane i barnehagen. Kan me gjere jobbane meir attraktive med å tilby noko høgare løn, eller ved ei bonusordning? Barnehagen har for tida brukbar økonomi. ( pr 31.07.07 kr 233 000 i pluss) .

Barnehagestyret får fullmakt til å arbeide vidare med saka.

 

Sak 5            Meieri-utbygginga

Pga skule-saka ligg bygging av kjøken i Meieriet på is. Trym Klingenberg har vist interesse for å investere i kjøken her, og ynskjer evt. å leige huset av Bygdalaget for å drive kafè om sommaren. Bygda vil framleis kunne bruke huset elles i året.

            Klingenberg kalles inn til neste styremøte der me vil drøfte dette.

 

Sak 6            Temakveldar

            Me ynskjer å  halde fram med temakveldar i Meieriet utover hausten. 

Aktuelle foredragshaldarar er Guttorm Rogdaberg og  landskapsarkitekt Rumohr Kveim ( mannen med den raude planken). Vi tek opp saken igjen på neste styremøte.

 

Sak 7            Jubileum

            Herand Bygdalag er 10 år i år. Dette må markerast. Trivsel og Kultur-gruppa arbeidar med eit arrangement. Den13.okt vert det ope konsert / familiefest på skulen.  Dans i Mælen om kvelden. Til dette søkjer T/K-gruppa styret om kr 10 000. Det vart innvilga.

 

Sak 8            Orienteringssak

            Jondal kommunestyre vedtok på siste møte å gå i forhandlingar med Herand Bygdalag om overtaking av skulen.