STYREMØTE I HERAND BYGDELAG 13.NOV.2007

 

Stad: Herand skule

Tilstades: Marit Samland, Kenneth Vikane, Johnny Eiken, Gunnar Bergstø, Jon Steinar Skeie, Ingrid Stranden Haavik

 

1)                 Skulen

Jondal kommunestyre vedtok nyleg å selje Herand skule til Herand Bygdelag for 300 000 kroner. Me vedtek å kjøpe for denne prisen, og iht den kjøpsavtalen som ligg føre.

Korleis me skal organisere drifta får me bruke litt tid på å arbeide oss fram til.

Det vart mellom anna diskutert flg: Vaktmeister/”skulestyrar”, legge skulen inn under Omsorgsbustadene for å heve den den økonomiske tryggleiken                      ( skattefordelar, momsfritak) .

 

2)                 Meieriet

Kram Sjø skal inngå leigeavtale med Bygdelaget ang. Meieriet. Dette for å byggje kjøken. Tidlegare vart det nemnd ein avtaleperiode på 10 år. No ynskjer Kram Sjø åsette denne til 15 år. Dette kan styret gå inn for. Det gjev leigetakar litt større økonomisk tryggleik. Dei ynskjer i tillegg til å byggje kjøkken å innreie loftet til soverom for å auke overnattingskapasiteten sin.

Jon Steinar gjer denne endringa i avtalen før den underteiknast.

Bygdelaget har søkt kommunen om bruksendring av huset. Me ventar på svar.

 

 

3)                 Leskur på Bakkahaugane

Det har kommet ynskje om at Bygdelaget tar tak i denne saka. Kvar dag, i all slags ver, står det ungar (og vaksne) og ventar på bussen på denne staden, som må vere den kaldaste i heile bygda. Vi drøfta litt plassering, ulike alternativ. Vidare søkjer Johnny råd hjå sine kolleger med lang fartstid frå Vegvesenet, før vi evt tar saka opp med grunneigarar, kommunen og Vegvesenet.

 

           

4)                 Endringar i vedtektene for Herand Barnehage

I punkt 3.3 vert det to endringar. Setninga om at det må søkjast plass kvart år fell vekk. Oppseiingsfristen  for plass vert endra frå 3 til 1 månad.

 

5)                 Ymse

Skrapjerninnsamlinga var vellukka. Bra respons. To fulle containarar er sende. Det vert kanskje to til litt seinare. Ingrid lagar plakat om at det fortsatt er høve til å kvitte seg med skrot.

Tursti. Einar og Jan Samland er i gang med rydding og snekring av grindar til sti i Herand rundt-traseen/ Myrane/ Skarpen.

Opent orienteringsmøte om skulekjøp og anna som skjer,  vert over nyttår. Før det skriv me litt i bygdabladet og på Herand.no.

Basar. Gunnar og Marit begynner å jobbe med denne. Gevinstane bør vere klare før julemessa, slik at me kan selje lodd på bok då.

 

                                                                  Ref: Ingrid Stranden Haavik