Referat frå styremøte i Herand Bygdelag 08.01.08

 

Stad: Herand skule, lærarrommet

Tilstades: Sølve Hansen, Gunnar Bergstø, Marit Samland, Jon Steinar Skeie, Ingrid Stranden Haavik

 

Sak 1 Leigeavtale for Meieriet

Leigeavtalen mellom Kram Sjø og Herand Bygdelag slik den ligg føre pr 01.12.07 vart godkjent. Sjå sak 2, 13.nov.07.

 

Sak 2 Tomter i Tveitehagen

( Sak 4, 11.12.07) Etter brev frå kommunen har Jon Steinar gitt teknisk sjef munnleg tilbakemeldig om at me fortsatt er interesserte i tomter til utleigebusteder. Me ynskjer at denne saka vert tatt opp at på omsorgsbustadene sitt årsmøte.

 

Sak 3 Skulen

Fortsatt ikkje noko formell overtaking. Jon Steinar undersøker kor langt saka er kome i kommunen.

Me hadde synfaring i heile skulen, mens me drøfta framtidig bruk, romløysing etc.

Me vil halde eit informasjonsmøte i byrjinga av februar der det vert orientert om dei ulike planane og moglegheitane for og i skulen. Viktig at dei ulike laga og andre brukarar kjem med sine tankar.

 

På informasjonsmøtet vil det og bli orientert om planane for Meieriet og anna bygdelaget driv med.

 

Sak 4 Temakveldar

Rumohr Kveim, også kjent som Plankemannen, har lova oss eit foredrag. Utstillinga hans ligg i skulen. Me prøver å få han hit i løpet av våren. Då kan me sette opp utstillinga i gymsalen, og ha den open ei stund før sjølve foredraget.

Nils Georg Brekke skriv bok. ” Folk under Folgefonna”. Me prøver å få han hit for å snakke om temaet.

 

Sak 5 Val

I år er Jon Steinar, Sølve, Marit og Ingrid på val. Valnemd: Svein Samland, Ingebjørg Grøtt og Kjellaug Hoaas Samland.

 

 

 

Ref: Ingrid S. Haavik