STYREMØTE I HERAND BYGDELAG 11.03.08

 

Stad : Herand skule

Tilstades: Gunnar Bergstø, Marit Samland, Sølve Hansen, Bjørg Samland, Jon Steinar Skeie, Gerd Haugen, Ingrid Stranden Haavik

 

Sak 1            Rekneskapen for 2007

Overskot på 60 000. Dette gir ikkje eit heilt reelt inntrykk fordi nokre postar som eigentleg høyrer inn under tidlegare år har komne inn på inntektssida i 2007. når desse vert trekte ut sit me igjen med eit overskot på ca 45 000, noko som gjev eit meir korrekt bilete av stoda.

På konto pr i dag: 260 000

 

Styret legg rekneskapen fram for årsmøtet for godkjenning.

 

Sak 2            Årsmeldinga

Gjennomgang av utkastet, og lagt til nokre punkt. Den vert gjort ferdig onsdag, og leggast fram for årsmøtet for godkjenning.

 

Sak 3             Herand.no

            Heimesida vår har stoppa opp. Nytt stoff vert ikkje lagt ut. Dette må vi få orden på.

            Betale ein person for å gjere jobben? Ingrid undersøkjer saka.

 

Sak 4  Nytt frå barnehagen

-         Ingrid Jondahl har fått permisjon fram til mai 2009. Tone Belsnes held fram i vikariatet som assistent.

-         Fornyelse av leikeområdet ute trengst. Nye leiker og vippedisse vert kjøpt inn. Det er og behov for ein del nytt på kjøkenet etter at ein starta med middagslaging: Kjøkenvifte og mikrobølgjeomn. Frysaren gjekk i stykker, så nytt fryseskåp er kjøpt inn. Fornying av møblane i lesekroken er ynskjeleg, men dette meiner styret vi kan vente med. Likeeins å måle veggane. Golvet bør slipast og bonast opp.

-         Husleige. No skal barnehagen betale husleige til bygdelaget. Satsane her diskuterer Jon Steinar med kommunekasseraren, slik at dette kjem i gang.

 

Sak 5      Meieriet

Trym Klingenberg kjem til påske for å starte arbeidet med kjøkenet. Då må huset tømast for utstyr som ikke skal vere der. Datamaskinane vert midlertidig lagra på skulen. Vasslaget har lager på loftet. Dette må flyttast. Kven eig frysaren? Dette må avklarast med båtlaget, då den må flyttast.

 

Sak 6            Årsmøtet 30. mars kl 20.00 på skulen

            Saker: Skal bygdelaget bygge gjennomgangsbustader? Rekneskap, årsmelding, val, ymse, noko å bite i.

 

 

 

 

Ref: I.S.Haavik