Referat frå styremøte i Herand Bygdelag 01.04.08.

Stad: Herand Skule

Tilstades: Anita Selsvik, Kenneth Vikane, Gerd Haugen, Gunnar Bergstø, Sølve Hansen, Jonny Eiken, Dan Danielsen.

Forfall: Ingrid S.Haavik

Møtet vart leia av nyvalt leiar Dan Danielsen

 

Sak 1            Konstituering

            Nestleiar/skrivar: Ingrid S.Haavik

            Repr. til barnehagestyret: Dan Danielsen og Ingrid S.Haavik

            Repr. til Turisme/ reiseliv: Sølve Hansen

            Repr. til Næring og areal: Gunnar Bergstø og Dan Danielsen

            Repr. til Trivsel og kultur: Anita Selsvik

            Repr. til Herand Bygdeblad: Dan Danielsen

            Repr. til Jord- og skogbruk: Johnny Eiken

Båtbyggjarmuseet: Sverre Haugen og Dan Danielsen får fullmakt til å organisere arbeidsoppgåvene for 2008.

Leiar og nestleiar får i oppgåve å innkalle og drøfte oppgåvene i undergruppene.

 

Sak 2 Opprydding i Meieriet

Torsdag 4.april kl 17 møter Gunnar, Kenneth, Dan, Jon Steinar, Johnny og Sølve til dugnad for å gjere klart til arbeidet med kjøkkenet startar. Dan gjev beskjed til Johan Urheim om at vasslaget også må fjerne sine saker innan fredag 5.april.

 

Sak 3 Bygdedugnaden laurdag 26.april kl 9.30

Det kallast inn til møte på skulen onsdag 16.april kl 19.00. Alle lag og organisasjonar vil bli tilskrivne om arbeidsoppgåver, reidskap/verkty og innkjøp av materiell.

Organisering: Anita: Barnehagen, Sølve: Meieriet og badeplassen, Jon Steinar og Dan: turstiane, Sverre Haugen og Dan: Båtbyggjarmuseet. 4H, Grannahuset, Bedehuset, Båtlaget og Idrettslaget blir orientert via eige skriv. Kvinne- og familielaget vil bli bedt om å stå for matserveringa i Bedehuset.

 

Sak 4 Ymse

A)                Kasserar etterlyste framleis satsar for utleige. Dan skaffar desse.

B)                Kasserar etterlyste midlar frå utleige av lokaler til barnehagen. Dan ber rekneskapsførar Bjørg Tolaas om å overføre midlar frå 01.01.08. Kr 7500 pr mnd.

C)                Kasserar spurde om barnehagestyret si organisering og moglegheit til sjølv å fatte vedtak om kjøp av naudsynt utstyr. Anita gjorde greie for dette, og leiar opplyste at det først i år var eit overskot på drifta, og at ein tidlegare måtte søkje styret i Bygdelaget for bevilgningar.

D)                Det vart reist spørsmål om å søkje midlar til spinningsyklar. Dette skal ein sjå nærare på.

E)                 Leiar fekk i oppgåve å få til ein avtale med Sigmund Eiken om vaktmeistertenester i skulen. Kommunen sine tidlegare avtaler kan studerast i dette arbeidet. Korleis heisen skal nyttast/ heisnøkkel må også takast opp med Sigmund.

F)                 Møtekultur og organisering av arbeidet mellom kasserar, nestleiar/skrivar og leiar vart drøfta. Styret vil legge vekt på gode rutiner.                                                                                                                                    Ref: Dan Danielsen